Are Kalvø

Fra Wikiquote

Are Kalvø (født 31. desember 1969 på Stranda på Sunnmøre) er en norsk forfatter, humorist og skribent. Han er tidligere programleder i Hallo i uken, og han har en fast spalte i Aftenposten. Tidligere har han skrevet Kalvøkaden i Dagsavisen.

Kalvøkaden[rediger]

  • To somrar, på NRKs distriktskontor i Ålesund. Eg lærte mykje dei to somrane. Det er eg heilt sikker på. Men eg hugsar berre to ting. Eg lærte at det er utrulig kor mykje nyheiter det er mulig å lage om fisk. Og eg lærte at dersom det ikkje finst nyheiter, så er det berre å spørje folk om noko. Det var ikkje ofte at det ikkje fanst nyheiter, men eg hugsar i alle fall ein gong. Alt var prøvd. Vi hadde vore gjennom alle fiskeslaga. Vi hadde ringt alle fiskarorganisasjonane. Vi hadde snakka med fiskebåtreiarane. Vi hadde sjekka om det var nokre nye lakseparasittar på gang. Niks. Null. Nada.
Fra Råd for regn
  • For kva sa han, etter at han hadde samanlikna ein tysk sosialdemokrat med ein nazist? Han sa at det var ironi. Det var det sjølvsagt ikkje på nokon som helst slags måte. Når Berlusconi kallar nazi-samanlikninga ironisk, er det som ein elefant som trampar sønder og saman huset til nokon, og etterpå seier til husverten: «Men herregud då, menneske, har du ikkje sans for humor?»
Fra Forza ironia
  • Lenge har det vore eit mål å få folk til å flytte tilbake til bygdene. Ein har prøvd å nå dette målet ved å apellere til folks samfunnsånd og fortelje ungdom med stor studiegjeld at det kanskje er litt korttenkt å skaffe seg ein spennande og godt betalt jobb i Oslo når det går an å sitte arbeidslaus på Vestlandet og sjå på eit fjell. Av ein eller annan grunn har denne politikken berre vore sånn måtelig vellykka.
Fra 1732 Skrotten - samleiet har et postnummer

Eksterne lenker[rediger]

Wikipedia på bokmål har en artikkel om Are Kalvø
Nynorsk Wikipedia har en artikkel om Are Kalvø