Mette Karlsvik

Fra Wikiquote
Hopp til: navigasjon, søk

Munnen til mor fraus som fjorden. Eg måtte ikkje bråke, og gjekk forsiktig som på skare som kunne breste. (Frå Vindauga i matsalen vender mot fjorden, Det Norske Samlaget, 2008)

Ambulansehelikopteret er på veg austover. Flygeleiaren følgjer det med blikket. Panna eit høgdedrag i andletet. Røyken rinn frå eine munnvika hans. (Frå Flytårn, Det Norske Samlaget, 2008)

Ro er eit nummer, og fred eit ord med fire hjørne. (Frå Pol, Det Norske Samlaget, 2008)

Å krisemaksimere klimajournalistikken er demokratiet si høgdetrening. Vêrutsiktene skremmer oss ikkje meir enn at vi debatterar debattklima. Vi kan heve oss over grunnlaget. (Frå Pol, Det Norske Samlaget, 2008)

Om "Flytårn" :Karlsviks litterære bilder sprenger seg plass i vårt litterære landskap. (Anne Schäffer)