Einar Førde

Fra Wikiquote
Hopp til: navigasjon, søk

Einar Førde var en norsk politiker og kringkastingssjef i NRK.

Uten kilder[rediger]

  • «Det å finna på lure avgifter som folk ikkje veit at dei betalar, det er ein fin del av politikarlivet. Avgift er noko av det finaste i eit demokrati. Avgift er sivilisasjon.»
  • «Alt har ein ende, unntatt husarbeid og helvetes pine.»
  • «Å stimulere Børsen er som å bera havre til ein daud hest.»
  • «Vi er alle sosialdemokratar.» (Dette sitatet vart tillagt Einar Førde, men er eigentleg av John Lyng, statsminister i fire veker i 1963)
  • «Sjølv i mine mest venstrevridde periodar har desse tekstane aldri verka overtyande. Chomsky skriv om politikk som om det dreiar seg om logikk. Han har lite sans for maktspel i politikken og dei sosiale samanhengande i maktspelet. Han er dessutan uuthaldeleg nedlatande og autoritær overfor annleis tenkande.»
  • «Du veit eg kjem frå den delen av landet kor det ikkje er noko som heiter høvisk tale. Det dreiar seg om grader av sjikane.»
  • «It's got to be fun.»
  • «Systemet er nettopp ikkje prega av kollektiv forstand. Det minner om eit stort skøytestemne på eit fullsett Bislet der ein person reiser seg for å sjå betre. Straks er det fleire som ser dårlegare og som også reiser seg. Fleire og fleire reiser seg, og til slutt har alle det mykje dårlegare fordi dei må stå. Men den som på eiga hand set seg, er sjølvsagt den dummaste av dei alle, for han ser ingenting. Utfordringa er såleis: Korleis skal vi få alle til å setje seg att?»
  • Kvifor skal eg snakka med apekatten når eg kan kan sitja og høyra på lirekassemannen (eigentleg eit stole sitat frå ...?)
  • «Di eldre eg blir, di oftare innser eg at eg mest aldri tek feil.»
  • «Du veit det, Jørgen, vi kan ikkje ha ein justiminister som ser ut som ein italiensk lommetjuv.»
Førde trøystar Jørgen Kosmo då han skuffa måtte konstatere at han ikkje vart utnemnd til justisminister.
  • «Thorbjørn Berntsen er ein av dei få personar eg kjenner som har skrive fleire bøker enn han har lese.»
I samband med at Torbjørn Berntsen gav ut sjølvbiografien sin.
  • «Mykje av motstanden mot fargefjernsynet er av psykologisk art. Fargefjernsynet får nokså ufortent status som symbol på vondskapen og irrasjonaliteten i vårt økonomiske system. Den typen radikalisme som ser det som ein hovudmål å stanse fargefjernsynet er i stor grad ein nokså verdilaus radikalisme omtrent av same gehalt som ligg i ytringa: ‘Eg er i mot prestar, men for kvinnelege prestar.’. Motstanden har også sterke innslag an puritanisme: ‘Me får finna oss i at synda hev kome til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar.’»
Førdes debatt, frå stortingetstalarstol, i samband med innføringa fargefjernsynet.
  • «Av dei mange merkelege begrunnelsar eg har høyrt, har eg høyrt at Arbeiderpartiet har sete for lenge og er for gamle og slitt, og Gro og vi andre gamlingane skal altså gå til fordel for disse friskusane som sit her.»
Førde i fjernsynsdebatt. Peikar på Kåre Willoch (H) og Kåre Kristiansen (KrF).
  • Etter at Førde av ein journalist hadde blitt konfrontert med eit falskt rykte om affære med ei vakker kvinne: «Dette var eit godt rykte, sprei det!»
  • «Ein lyt stella seg slik at ein blir idioterklært frå tid til annan. Ellers blir livet for kjedelig.»
  • «Det gjeld å skaffe seg eit rykte som er så lurvete at du etterpå slepp unna med kva det skal være.»
  • «Den som ikkje er i seng til klokka 11 kan berre gå å leggja seg»
Førde på Arbeiderpartiets landsmøte.

Eksterne lenker[rediger]

Wikipedia-logo.png Wikipedia på bokmål har en artikkel om Einar Førde
Wikipedia-logo.png Nynorsk Wikipedia har en artikkel om Einar Førde